Bønn
Bøn er eit stort tema, og har mange fasettar.
Nokon har fått ei bønegåve og kan vera i bøn både vel og lenge, for andre er det ikkje slik.
Det kan tvert i mot vera noko ein strevar med.
Uansett er bøneretten ei fantastisk gåve Gud har gjeve oss. Same kva utrustning ein har, er bøn noko me kan veksa i og få djupare erfaringar i.
På dette nettverket vil me ha fokus på både ulike former for bøn, og korleis me kan veksa i bøn utan at det skal verta eit strev.
Fredag
Kl 11.30
Torgeir Lauvås innleder
Andreas Kjøndal: Bekjennelse og bønn
Kl 14.00
Eli Skåland Tveitane og Borghild Tufteland: Bønn til inspirasjon og håp
Lørdag
Kl 14.00
Øystein Hilleren: Bønehus der kristne kjem saman for å be
Desse deler i nettverket:
Øystein Hilleren høyrer til Nain-kyrkja på Voss og er også leiar for bønehuset på Voss. Han vil fortelje korleis dei driv bønehus og kva som ligg dei spesielt på hjarta.
Andreas Kjøndal er lærar ved KVS Lyngdal, og har i fleire år gått tett på elevane og vore med å starta opp det som vert kalla «Krigarane» - der å snakka ærleg om livet, bekjenna synd og be for kvarandre står sentralt. Erfaringa er frigjorte og oppreiste liv. Korleis kan me ta dette med oss inn i forsamlingane og fellesskapa våre?
Eli Skåland Tveitane og Borghild Tufteland bur i Norheimsund, og dei saman med fleire har danna eit bøne-nettverk i Hardanger. Dei vil dela sine erfaringar, og korleis nye ting kan veksa fram gjennom bøn.
Ledere av nettverket
Torgeir Lauvås, pastor i Fredheim Arena i Sandnes, vil leie nettverket og dele litt om bønnepraksis og eit bønearbeid for unådde folkeslag.
sjelesorg og retreatleder i Imf Rogaland.